Utviding av treningstilbod
I løpet av sommaren har me utvida treningstilbodet ytterligare for medlemar.
Etter sommarferien vil medlemar kome til eit nytt og breidare tilbod hjå Systrening. Me har fått eit nytt lokale til sykkelsalen (det sosiale opphaldsrommet i 3 etg. der sykkelsalen var tidlegare når Idrettssenteret hadde drift), noko som gjer at me får meir plass i treningsstudio. Lokalet som syklane tidlegare stod i er omgjort til ein forlengelse av frivektsrommet, som er med på å auke kapasiteten i treningsstudio. Dette betyr at ein har eit 60 kvm stort frivektsområdet å boltre seg på.
Me har også fått inn nytt utstyr som beinpress, hip trust, scott curl, hexabar, smith maskin, hanbakbord, eleiko styrkeløftstang og 300 kg med supplerande skivevekter.
Trykk deg inn på linken her for å sjå vårt utstyrssortiment og dessutan bilete frå det oppgraderte treingsstudioet.
Oppstartstimeplan
Timeplanen for oppstart etter sommaren finn du her.
Timeplanen for perioden 12.aug-13.sept er som følgjer:
Måndag:
Seniortrening kl.11-1145 m/Dag Andre
Puls kl.18-19 m/Ellen Sofie (Ny time. Sjå beskriving på booking)
Onsdag:
Styrke/kondisjon kl.11-1145 m/Linn Helen
LHL/revmatikar/osteoporose-trening kl.13-14 m/Linn Helen (regi avLeikanger kommune)
Styrke kl.18-19 m/Janne
Fredag:
Seniortrening kl.1015-11 m/Christel (regi av Leikanger kommune)
Basistrening kl.17-18 m/Johanne
Etter denne perioden vert det ein ny og breidare timeplan.
I høve til sykkel vil ikkje dette vere muleg å starte opp før i september. Eg kjem med oppdateringar kring dette etter kvart.
Sommarprogram 2019
Programmet for perioden 17.juni til 11.august er no klart.
I høve til opningstider i sommar for treningsstudio (perioden 17.6-11.8) vil det sjå slik ut:
Nøkkelkorttider:
Måndag-fredag kl.06.30-22
Laurdag kl.06.30-20
Søndag kl.08-20
Bemanna tider:
Måndag og fredag kl.8-11
Onsdag kl.15-18
Gruppetrening vil halde fram t.o.m.veke 24 og starte opp att i veke 33.
Me tilbyr følgjande prisar for kontantmedlemskap i perioden 17.6-11.8:
Drop-in 80 kr
1 veke 300 kr
1 mnd 500 kr
2 mnd 900 kr*
*I tillegg lyt ein kjøpe eit medlemskort til 75 kr om ein ikkje har dette frå før.
I utgangspunktet er kontantmedlemskapa begrensa til trening i bemanna tider. Men sidan det er reduserte tider for dette i sommar slepp me opp for at ein kan trene i ubemanna tid med desse medlemskapa MEN dette forutset at ein får vere med eller låne ei nøkkelbrikke av eit heilårsmedlem. NB! Heilårsmedlemmet kan ikkje ha fryst medlemskapet om dette skal gjerast.
Påskeprogram 2019
Programmet for påsken er no klart.
Opningstider for treningsstudio i påsken:
Mån 15.-ons.17.april som vanleg.
Torsdag 18.april: kl.12-18 (ubemanna)
Fredag 19. april: kl.12-18 (ubemanna)
Laurdag 20. april: kl.0630-20 (ubemanna)
Søndag 21.april: kl.12-18 (ubemanna)
Måndag 22. april: kl.12-18 (ubemanna)
Plan for gruppetrening vil gå t.o.m. 17.april og starte opp at 23.april.
Nyttårsprogram
Timeplanen som gjeld frå januar 2019 er no klar.
Timeplanen etter nyttår er som følgjer:
Måndag: Seniortrening kl.11 (Dag-André) og Styrke kl.18 (Janne)
Tysdag: Basistrening kl.18 (Ingrid) og Sykkel 45 min kl.1915 (Cornelis/Mari)
Onsdag: Styrke/kondisjon kl.11 (Dag-André) og Puls/styrke kl.18 (Birgit)
Torsdag: Rullering med Step/puls (Ellen Sophie) og Sirkeltrening*(Johanne) kl.1615, Sykkel 60 min kl.19 (Ida/Hanne) og Yoga kl.1930 (Aase)
Fredag: Sykkel 45 min kl.7 (Kine)** og Tabata kl.17 (Heidi)
*Ny time
**Oppstart 11.01.
I høve til treningsstudio vil me endre bemanna tider på måndag og onsdag frå kl.15-17 til kl.16-20.
Bemanna tider vil då sjå slik ut:
Måndag: 8:00-11:00 & 16:00-20:00
Tysdag: 8:00-11:00
Onsdag: 8:00-11:00 & 16:00-20:00
Torsdag: 8:00-11:00
Fredag: 8:00-11:00 & 15:00-19:00
Ubemanna tider er som før.
Juleprogram 2018
Opningstider og timeplan for jula finn du her.
Treningsstudio
Bemanna og nøkkelkorttider kjem til å gå som normalt t.o.m. søndag 23.desember. Etter dette ser tidene slik ut:
24.desember: Nøkkelkorttid kl.8-15
25.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
26.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
27.desember: Bemanna tid kl.8-11 og nøkkelkorttid kl.0630-22
28.desember: Bemanna tid kl.8-11 og nøkkelkorttid kl.0630-22
29.desember: Nøkkelkorttid k.0630-20
30.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
31.desember: Nøkkelkorttid kl.8-18
1.januar: Nøkkelkortid kl.12-18
Nytt for året er at me held ope både julaftan og nyttårsaftan. F.o.m. 2 januar vil bemanna og nøkkelkorttider gå som normalt.
NB! Heilårsmedlem kan ta med seg besøkande i ubemanna tider, mot at besøkande betalar drop in eller for anna type medlemskap (t.d. 1 veke) i forkant. Kvittering på medlemskap må takast med på trening og visast fram ved kontroll.
Prisar:
Drop in 80 kr
I veke 300 kr
Gruppetrening
Vanleg program t.o.m. fredag 21.desember. Etter dette ser timeplanen slik ut:
Torsdag 27.desember kl. 16: Styrke m/Trine* og kl.1715: Sykkel 60 m/Trine*
Fredag 28.desember kl. 17: Tabata m/Heidi
*Trine Rishovd er gjesteinstruktør.
NB! Medlemar kan få ta med seg ein ven utan kostnad om det er ledig plass på timen
Ny timeplan startar onsdag 2.januar.
Oppstartsprogram
Her finn du programmet for gruppetrening for perioden 20.aug-28.sept.
Hei kjære medlemar. Me på Systrening håpar at alle har hatt ein fin sommar. F.o.m. 20.aug er me i gong med vanleg drift på Systrening. I samband med dette kjem difor ein ny timeplan som gjeld for perioden 20.aug-28.sept. Den ser slik ut:
Måndag: Styrke m/Janne kl.18 + Sykkel 75 min kl.19 m/Axel
Tysdag: HIIT m/Johanne kl.18
Onsdag: Styrke/kondisjon lågterskel kl.11 m/Dag Andre + Steppuls kl.18 m/Hanne
Torsdag: Sykkel 60 min kl.19 m/Ida
Fredag: Tabata kl.17 m/Heidi
Sykkel 75 min og HIIT nye timar på programmet, som vert leia av våre nye instruktørar som høvesvis er Axel B. Hansen og Johanne Fredheim (som de sikkert har møtt i resepsjonen på måndagar og onsdagar). Sykkel 75 min er ein lengre sykkeltime der ein vekslar mellom tyngre og lettare periodar. HIIT står for "high intensity interval training", og er ein blanding av styrke og kondisjonstrening. Ein utfører øvelsane i kortare periodar med pausar mellom kvar periode.
Sommartilbod
Her finn du ein oversikt over opningstider i sommar.
I høve til opningstider i sommar for treningsstudio (perioden 18.6-19.8) vil det sjå slik ut:
Nøkkelkorttider:
Måndag-fredag kl.06.30-22
Laurdag kl.06.30-20
Søndag kl.12-18
Bemanna tider:
Måndag og fredag kl.8-11
Onsdag kl.15-18
Gruppetrening vil halde fram til midten av juni og starte opp att i midten av august.
Me tilbyr følgjande prisar i denne perioden for kontantmedlemskap:
Drop-in 80 kr
1 veke 300 kr
1 mnd 500 kr
2 mnd 900 kr
I tillegg lyt ein kjøpe eit medlemskort til 50 kr om ein ikkje har dette frå før.
Det er mogeleg å trene i ubemanna tid med desse medlemskapa men dette forutset at ein får vere med eller låne ei brikke av eit heilårsmedlem. NB! Heilårsmedlemet kan ikkje ha fryst medlemsskapet om dette skal gjerast.
Avvikande opningstider i mai og timeplan for gruppetrening
Her får du ei oversikt over tilbodet vårt i mai.
Avvikande tider for nøkkelbrikke i mai vert som følgjer:
1.mai: kl.12-18
10.mai: kl.12-18
17.mai: Stengt
21.mai: kl.12-18
Timeplan for gruppetrening perioden 30.4-15.6 vil sjå slik ut:
Måndag: Styrke m/Janne kl.18
Tysdag: Sykkel 45 min m/Mari kl.17
Onsdag: Styrke lågterskel m/Dag Andre kl.11 og Basistrening m/Ingrid kl.18
Torsdag: Sykkel 60 min m/Ida kl.19
Fredag: Tabata m/Heidi kl.18
Ubemanna opningstider i påsken
Ubemanna opningtider (NB! kun bruk av nøkkelbrikke) i påsken vert følgjande:
Torsdag 29.mars kl.12-18
Fredag 30.mars kl.12-18
Laurdag 31.mars kl.0630-20
Søndag 1.april Stengt
Måndag 2.april kl.12-18
Det vert ingen gruppetimar i denne perioden.
Nyttårsprogram for gruppetrening
Programmet for perioden 2.januar-28.mars er no klart.
Måndag: Styrke kl.18 (Janne)
Tysdag: Sykkel 45 min kl.17 (Mari) + Rullering kl.18 med Pulsstep (Hanne) og Styrke (Janne/Christel)
Onsdag: Puls kl.18 (Birgit)
Torsdag: Sykkel 60 min kl.19 (Ida) + Yoga kl.20.15 (Aase)
Fredag: Rullering kl.7 med Sykkel 45 min (Kine) og Yoga (Aase)
Juleprogram
Program for perioden 23.12.17-01.01.18
Treningsstudio
Bemanna og nøkkelkorttider kjem til å gå som normalt t.o.m. laurdag 23.desember. Etter dette ser tidene slik ut:
24.desember: Stengt
25.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
26.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
27.desember: Bemanna tid kl.8-11 & 15-19 og nøkkelkorttid kl.0630-22
28.desember: Bemanna tid kl.8-11 og nøkkelkorttid kl.0630-22
29.desember: Bemanna tid kl.8-11 & 15-19 og nøkkelkorttid k.0630-22
30.desember: Nøkkelkorttid kl.12-18
31.desember: Stengt
1.januar: Nøkkelkortid kl.12-18
F.o.m. 2 januar vil bemanna og nøkkelkorttider gå som normalt.
Gruppetrening
Vanleg program t.o.m. fredag 22.desember. Etter dette ser timeplanen slik ut:
Onsdag 27.desember: Styrke m/Janne kl.18*
Torsdag 28.desember: Sykkel 45 min m/Aase kl.18*
Fredag 29.desember: Yoga m/Aase kl.7*
*Medlemar kan få ta med seg ein ven utan kostnad om det er ledig plass på timen.
Ny timeplan startar tysdag 2.januar.
Rutinar for gruppetimar
Om du nyttar gruppetreningstilbodet vårt so gjer deg kjend med våre rutinar.
Me vil gjere medlemar som nyttar gruppetreningstilbodet merksame på at dei MÅ registrere seg SEINAST 5 min før timen startar. Om ein ikkje gjer dette vil plassen bli tildelt dei som står oppført på venteliste.
Med registrering meinast at ein lyt INNOM resepsjonen og hake seg av på lista som ligg der. Om ikkje dette vert gjort vert det utfordringar i høve til dei som har ført seg opp på venteliste og me kan oppleve dobbeltbookingar. Me lyt då gå inn i salen og gjennomføre namneopprop. Dette er tidkrevjande og det vil då gå ut over lengda på timen og ikkje minst utbyttet til dei andre medlemane. Dersom det skulle oppdagast at nokon har gått direkte inn og ikkje registrert seg, vil vedkomande sin plass gå til den som evt. har ført seg opp på venteliste.
Når det gjeld venteliste so er det "første mann til mølla" som gjeld. Ein fører deg då ein etter ein opp på lista i resepsjonen, og den som kom først å gjorde dette får plassen om det skulle bli ledig.
Svartelisting
Gjer deg kjend med rutinar for svartelisting i høve til gruppetrening.
Svartelisting
For at alle medlemar skal stille på like vilkår i høve gruppetimar er det oppretta ei ordning som heiter svartelisting. Dette inneber at om vedkomande ikkje møter til booka time, vert ein ført ein merknad på medlemet. Ved tre slike tilfelle myster ein retten til å booke seg på timar via internett for ein månad.
Det er derfor viktig at du hakar deg av med penn på den utskrivne bookinglista samt registrerer deg på strekkodelesaren i resepsjonen når du kjem til time. So hugs medlemskortet ditt!
Vi håpar at alle har forståing for at vi gjer dette slik at flest mogleg skal ha sjansen til å booke seg og bli med på timane våre. Ved overbooking vert det printa ut ei liste for registrering av dei frammøtte. Dette for å oppdage evt. sniking på timane.
Trivselsreglar
For at me skal ha eit godt fungerande senter ønskjer me at du som medlem gjer deg kjent med våre trivselsreglar.
Trivselsreglar
For at den enkelte skal finne seg til rette på senteret og trivast og dessutan ivareta hygeniske forhold, ber me medlemar om å ta følgjande hensyn:
- Det er forbode å ta med eller sleppe inn med personar som ikkje har medlemskap når det er ubemanna tider på senteret. Nøkkelkortet er personleg og skal heller ikkje lånast vekk til andre. Ei brot på desse regalne fører til inndraging av nøkkelkort og i verste fall ei opphøyring av medlemskapet
- Ver ei "hjelpande hand" for senter i høve til "sniktrening" frå folk som ikkje har medlemskap eller er gamle nok (ta kontakt med dei tilsette om ein oppdagar dette)
- Tørk av apparata etter ein har nytta desse med desinfeksjonsmiddel (du finn dette på sprayflasker plassert ved vaskane i treningsstudio) og papir
- Unngå å slenge vekter i golvet for å redusere unødvendig støy
- Nytt innesko
- Unngå unødvendig mobilbruk som å stå å snakke i telefon i lokala og dessutan ikkje ta bilete av seg sjølv og andre
- Unngå å "okkupere" apparata over ein lengre periode, då det er fleire som vil nytte desse. Ha heller ein dialog med dei andre kundane om at dei kan få nytte apparatet i pausane dine
- Det er lov å løfte tungt og ta i, men ein treng ikkje å informere andre medlemar om dette i form av skrik og skrål
- Registrer deg på kortlesar i resepsjon sjølv om studio ikkje er bemanna. Dette for å unngå utfordringar i høve til ein eventuell medlemskontroll
- Musikkanlegget skal ikkje rørast i ubemanna tid
Reglar for bruk av nøkkelbrikke
Gjer deg kjend med reglar for trening i ubemanna tid.
Med nøkkelbrikka kan ein få tilgang til Systrening sine lokaler utanom bemanna tider. Inngang er gjennom hoveddøra til Saften i 1.etg og vidare gjennom garderobeanlegget i 3.etg. Brikka skal førast mot kortlesar, deretter takast vekk før ein sler inn sin personlege kode (som ein sjølv oppgir ved innmelding).
NB! NØKKELBRIKKA FØLGJER KVART ENKELT MEDLEMSKAP OG SKAL IKKJE LÅNAST VEKK TIL PERSONAR SOM IKKJE ER MEDLEMAR AV SYSTYRENING. DET ER HELLER IKKJE LOV Å SLEPPE INN PERSONAR SOM IKKJE HAR NØKKELKORTBRIKKE MED SEG. DET VIL VERTE GJENNOMFØRT UANMELDTE KONTROLLAR I TRENINGSSTUDIO FOR Å SIKRE AT DETTE VERT OVERHOLDT. OM DET VERT OPPDAGA AT EIN IKKJE OVERHELD DETTE, VIL NØKKELBRIKKA VERTE INNDREGE OG I YTTERSTE KONSEKVENS FØRE TIL EI OPPHØYRING AV MEDLEMSKAPET.
Nøkkelbrikke gjev tilgang i treningsstudio i følgjande tider:
Måndag-fredag: kl.06:30-22
Laurdag: kl.06:30-20
Søndag: kl.12-18
Retningslinjer for bruk av nøkkelbrikke:
- Overhald rutinar for bruk av nøkkelbrikke samt trivselsreglar. Om nokon ikkje føl desse rutinane, ver då vennleg å ta kontakt med dei tilsette.
- Trene kun på kjent utstyr og øvingar (ta kontakt i bemanna tid for rettleiing).
- Unngå å trene åleine mtp. illebefinnande, skade og sjukdom.
- Gjer deg kjend med rømningsvegar og plassering av førstehjelpsutstyr.
- Registrer deg med medlemskortet på magnetstripelesaren i resepsjon også i ubemanna tid.
Kva kostar nøkkelbrikka?
Prisen for nøkkelbrikke er 50 kr. Om du har ei brikke frå tidlegare medlemskap kan denne nyttast utan kostnad.
Tap av nøkkelbrikke
Ved tre attgløymingar eller ved tap av brikke må ein kjøpe denne på ny.
Opning av Systrening
Systrening opnar dørene 8.september kl.0800.
Me ønskjer folk velkomne til det nye treningstilbodet på Leikanger!
Hei alle saman! Her kjem ein del info i samband med at me opnar dørane fredag 8.september. På grunn av forsenka leveringstid på div utstyr for resepsjon samt integrering av betalingsløysing gjer me følgjande denne dagen.....FRI TRENING FOR ALLE SOM VIL KOME Å SJÅ OG PRØVE DET NYE TRENINGSTILBODET I SAFTEN! Det vil vere ope kl.8-20 og me vil ha tilsette til stades i heile dette tidsrommet som er på plass for å vise og informere.
I høve til innmelding kjem me til å starte med dette på tysdag 12.september der me vil halde ope med bemanning kl.8-20. Årsaka til at dette blir tysdag er at det er val på måndagen og me lyt difor halde stengt sidan vallokalet er Leikangerhallen. Denne dagen avvik frå normal bemanningstid kun i veke 37 i samband med oppstart.
Offisiell opningsdag vil leggast til slutten av mnd. Info rundt dette vil kome etter kvart.
Velkomen skal du vere til det nye treningstilbodet på Systrond....Systrening!
Oppstartskampanje i september
Me tilbyr kampanjepris det første året ved teikning av ordinært medlemskap.
Alle som kjøper ordinært heilårsmedlemskap i løpet av september månad, vil få tilbod om eit fast trekk på 400 kr i mnd i 1 år (12 mnd binding). Opphaveleg pris på dette medlemskapet er 450 kr i mnd. Etter ein har betalt 12 mnd med 400 kr pr.mnd vil ein automatisk gå over på opphaveleg medlemspris på 450 kr i mnd.
Som normalt vil det tilkome følgjande eingongsbeløp ved teikning av medlemskap også i kampanjeperioden på:
- innmelding 250 kr
- medlemskort 50 kr
- nøkkelbrikke 50 kr (om ein har dette frå før slepp ein å betale for dette).
Oppstart gruppetrening
Systrening startar opp gruppetreningstilbodet onsdag 13.septemer.
Gruppetrenings tilbodet kjem til å kome i gong f.o.m. onsdag 13.september. Vekeplanen for dei to neste vekene ser slik ut.
Veke 37
Onsdag: Puls kl.18 (Birgit) (ubegrensa med plassar)
Torsdag: Yoga kl.19 (Aase) (12 plassar, Stad: FjøsNjøs)
Veke 38
Måndag: Styrke kl.18 (Janne) (24 plassar)
Tysdag: Spinning 45 min kl.18 (Aase) (15 plassar)
Onsdag: Puls kl.18 (Birgitt) (ubegrensa med plassar)
Torsdag: Yoga kl.19 (Aase) (12 plassar, Stad: FjøsNjøs)
Innmeldigsoppslutnad og oppmøteførekomst vil bestemme gruppetilbodet dei neste vekene.
I høve til timar kan du finne dette på bookingsida for gruppetrening på "Min side". Bookingsystemet er det same som før og skal vere kjendt for dei fleste frå før. Om det skulle vere noko du lurer på i samband med dette so ta kontakt med Systrening i resepsjon eller på mobil/epost. Kontaktinfo finn du nederst på heimesida.
NB! Ver merksam på du no får ein ny profil som krev at ein på nytt gjennomfører førstgongspålogging for å kunne ta bookinga i bruk.