Oppstartsprogram

Hei kjære medlemar. Me på Systrening håpar at alle har hatt ein fin sommar. F.o.m. 20.aug er me i gong med vanleg drift på Systrening. I samband med dette kjem difor ein ny timeplan som gjeld for perioden 20.aug-28.sept. Den ser slik ut:

Måndag: Styrke m/Janne kl.18 + Sykkel 75 min kl.19 m/Axel
Tysdag: HIIT m/Johanne kl.18
Onsdag: Styrke/kondisjon lågterskel kl.11 m/Dag Andre + Steppuls kl.18 m/Hanne
Torsdag: Sykkel 60 min kl.19 m/Ida
Fredag: Tabata kl.17 m/Heidi

Sykkel 75 min og HIIT nye timar på programmet, som vert leia av våre nye instruktørar som høvesvis er Axel B. Hansen og Johanne Fredheim (som de sikkert har møtt i resepsjonen på måndagar og onsdagar). Sykkel 75 min er ein lengre sykkeltime der ein vekslar mellom tyngre og lettare periodar. HIIT står for "high intensity interval training", og er ein blanding av styrke og kondisjonstrening. Ein utfører øvelsane i kortare periodar med pausar mellom kvar periode.

Forrige
Forrige

Juleprogram 2018

Neste
Neste

Sommartilbod