Utviding av treningstilbod
Etter sommarferien vil medlemar kome til eit nytt og breidare tilbod hjå Systrening. Me har fått eit nytt lokale til sykkelsalen (det sosiale opphaldsrommet i 3 etg. der sykkelsalen var tidlegare når Idrettssenteret hadde drift), noko som gjer at me får meir plass i treningsstudio. Lokalet som syklane tidlegare stod i er omgjort til ein forlengelse av frivektsrommet, som er med på å auke kapasiteten i treningsstudio. Dette betyr at ein har eit 60 kvm stort frivektsområdet å boltre seg på.
Me har også fått inn nytt utstyr som beinpress, hip trust, scott curl, hexabar, smith maskin, hanbakbord, eleiko styrkeløftstang og 300 kg med supplerande skivevekter.
Trykk deg inn på linken her for å sjå vårt utstyrssortiment og dessutan bilete frå det oppgraderte treingsstudioet.