Sommarprogram 2019

I høve til opningstider i sommar for treningsstudio (perioden 17.6-11.8) vil det sjå slik ut:

Nøkkelkorttider:
Måndag-fredag kl.06.30-22
Laurdag kl.06.30-20
Søndag kl.08-20

Bemanna tider:
Måndag og fredag kl.8-11
Onsdag kl.15-18

Gruppetrening vil halde fram t.o.m.veke 24 og starte opp att i veke 33.

Me tilbyr følgjande prisar for kontantmedlemskap i perioden 17.6-11.8:
Drop-in 80 kr
1 veke 300 kr
1 mnd 500 kr
2 mnd 900 kr*

*I tillegg lyt ein kjøpe eit medlemskort til 75 kr om ein ikkje har dette frå før.

I utgangspunktet er kontantmedlemskapa begrensa til trening i bemanna tider. Men sidan det er reduserte tider for dette i sommar slepp me opp for at ein kan trene i ubemanna tid med desse medlemskapa MEN dette forutset at ein får vere med eller låne ei nøkkelbrikke av eit heilårsmedlem. NB! Heilårsmedlemmet kan ikkje ha fryst medlemskapet om dette skal gjerast.

Forrige
Forrige

Oppstartstimeplan

Neste
Neste

Påskeprogram 2019