Reglar for bruk av nøkkelbrikke

Med nøkkelbrikka kan ein få tilgang til Systrening sine lokaler utanom bemanna tider. Inngang er gjennom hoveddøra til Saften i 1.etg og vidare gjennom garderobeanlegget i 3.etg. Brikka skal førast mot kortlesar, deretter takast vekk før ein sler inn sin personlege kode (som ein sjølv oppgir ved innmelding). 

NB! NØKKELBRIKKA FØLGJER KVART ENKELT MEDLEMSKAP OG SKAL IKKJE LÅNAST VEKK TIL PERSONAR SOM IKKJE ER MEDLEMAR AV SYSTYRENING. DET ER HELLER IKKJE LOV Å SLEPPE INN PERSONAR SOM IKKJE HAR NØKKELKORTBRIKKE MED SEG.  DET VIL VERTE GJENNOMFØRT UANMELDTE KONTROLLAR I TRENINGSSTUDIO FOR Å SIKRE AT DETTE VERT OVERHOLDT. OM DET VERT OPPDAGA AT EIN IKKJE OVERHELD DETTE, VIL NØKKELBRIKKA VERTE INNDREGE OG I YTTERSTE KONSEKVENS FØRE TIL EI OPPHØYRING AV MEDLEMSKAPET.

Nøkkelbrikke gjev tilgang i treningsstudio i følgjande tider:

Måndag-fredag: kl.06:30-22
Laurdag: kl.06:30-20

Søndag: kl.12-18

Retningslinjer for bruk av nøkkelbrikke:

  • Overhald rutinar for bruk av nøkkelbrikke samt trivselsreglar. Om nokon ikkje føl desse rutinane, ver då vennleg å ta kontakt med dei tilsette. 
  •  Trene kun på kjent utstyr og øvingar (ta kontakt i bemanna tid for rettleiing).
  • Unngå å trene åleine mtp. illebefinnande, skade og sjukdom.
  • Gjer deg kjend med rømningsvegar og plassering av førstehjelpsutstyr.
  • Registrer deg med medlemskortet på magnetstripelesaren i resepsjon også i ubemanna tid.

Kva kostar nøkkelbrikka?

Prisen for nøkkelbrikke er 50 kr. Om du har ei brikke frå tidlegare medlemskap kan denne nyttast utan kostnad.

Tap av nøkkelbrikke

Ved tre attgløymingar eller ved tap av brikke må ein kjøpe denne på ny.

Forrige
Forrige

Trivselsreglar

Neste
Neste

Opning av Systrening