Trivselsreglar
Trivselsreglar
For at den enkelte skal finne seg til rette på senteret og trivast og dessutan ivareta hygeniske forhold, ber me medlemar om å ta følgjande hensyn:
- Det er forbode å ta med eller sleppe inn med personar som ikkje har medlemskap når det er ubemanna tider på senteret. Nøkkelkortet er personleg og skal heller ikkje lånast vekk til andre. Ei brot på desse regalne fører til inndraging av nøkkelkort og i verste fall ei opphøyring av medlemskapet
- Ver ei "hjelpande hand" for senter i høve til "sniktrening" frå folk som ikkje har medlemskap eller er gamle nok (ta kontakt med dei tilsette om ein oppdagar dette)
- Tørk av apparata etter ein har nytta desse med desinfeksjonsmiddel (du finn dette på sprayflasker plassert ved vaskane i treningsstudio) og papir
- Unngå å slenge vekter i golvet for å redusere unødvendig støy
- Nytt innesko
- Unngå unødvendig mobilbruk som å stå å snakke i telefon i lokala og dessutan ikkje ta bilete av seg sjølv og andre
- Unngå å "okkupere" apparata over ein lengre periode, då det er fleire som vil nytte desse. Ha heller ein dialog med dei andre kundane om at dei kan få nytte apparatet i pausane dine
- Det er lov å løfte tungt og ta i, men ein treng ikkje å informere andre medlemar om dette i form av skrik og skrål
- Registrer deg på kortlesar i resepsjon sjølv om studio ikkje er bemanna. Dette for å unngå utfordringar i høve til ein eventuell medlemskontroll
- Musikkanlegget skal ikkje rørast i ubemanna tid