Rutinar for gruppetimar

Me vil gjere medlemar som nyttar gruppetreningstilbodet merksame på at dei MÅ registrere seg SEINAST 5 min før timen startar. Om ein ikkje gjer dette vil plassen bli tildelt dei som står oppført på venteliste.

Med registrering meinast at ein lyt INNOM resepsjonen og hake seg av på lista som ligg der. Om ikkje dette vert gjort vert det utfordringar i høve til dei som har ført seg opp på venteliste og me kan oppleve dobbeltbookingar. Me lyt då gå inn i salen og gjennomføre namneopprop. Dette er tidkrevjande og det vil då gå ut over lengda på timen og ikkje minst utbyttet til dei andre medlemane. Dersom det skulle oppdagast at nokon har gått direkte inn og ikkje registrert seg, vil vedkomande sin plass gå til den som evt. har ført seg opp på venteliste.

Når det gjeld venteliste so er det "første mann til mølla" som gjeld. Ein fører deg då ein etter ein opp på lista i resepsjonen, og den som kom først å gjorde dette får plassen om det skulle bli ledig.

Forrige
Forrige

Juleprogram

Neste
Neste

Svartelisting