Opning av Systrening
Me ønskjer folk velkomne til det nye treningstilbodet på Leikanger!
Hei alle saman! Her kjem ein del info i samband med at me opnar dørane fredag 8.september. På grunn av forsenka leveringstid på div utstyr for resepsjon samt integrering av betalingsløysing gjer me følgjande denne dagen.....FRI TRENING FOR ALLE SOM VIL KOME Å SJÅ OG PRØVE DET NYE TRENINGSTILBODET I SAFTEN! Det vil vere ope kl.8-20 og me vil ha tilsette til stades i heile dette tidsrommet som er på plass for å vise og informere.
I høve til innmelding kjem me til å starte med dette på tysdag 12.september der me vil halde ope med bemanning kl.8-20. Årsaka til at dette blir tysdag er at det er val på måndagen og me lyt difor halde stengt sidan vallokalet er Leikangerhallen. Denne dagen avvik frå normal bemanningstid kun i veke 37 i samband med oppstart.
Offisiell opningsdag vil leggast til slutten av mnd. Info rundt dette vil kome etter kvart.
Velkomen skal du vere til det nye treningstilbodet på Systrond....Systrening!