Opning av Systrening
Systrening opnar dørene 8.september kl.0800.
Me ønskjer folk velkomne til det nye treningstilbodet på Leikanger!
Hei alle saman! Her kjem ein del info i samband med at me opnar dørane fredag 8.september. På grunn av forsenka leveringstid på div utstyr for resepsjon samt integrering av betalingsløysing gjer me følgjande denne dagen.....FRI TRENING FOR ALLE SOM VIL KOME Å SJÅ OG PRØVE DET NYE TRENINGSTILBODET I SAFTEN! Det vil vere ope kl.8-20 og me vil ha tilsette til stades i heile dette tidsrommet som er på plass for å vise og informere.
I høve til innmelding kjem me til å starte med dette på tysdag 12.september der me vil halde ope med bemanning kl.8-20. Årsaka til at dette blir tysdag er at det er val på måndagen og me lyt difor halde stengt sidan vallokalet er Leikangerhallen. Denne dagen avvik frå normal bemanningstid kun i veke 37 i samband med oppstart.
Offisiell opningsdag vil leggast til slutten av mnd. Info rundt dette vil kome etter kvart.
Velkomen skal du vere til det nye treningstilbodet på Systrond....Systrening!
Oppstartskampanje i september
Me tilbyr kampanjepris det første året ved teikning av ordinært medlemskap.
Alle som kjøper ordinært heilårsmedlemskap i løpet av september månad, vil få tilbod om eit fast trekk på 400 kr i mnd i 1 år (12 mnd binding). Opphaveleg pris på dette medlemskapet er 450 kr i mnd. Etter ein har betalt 12 mnd med 400 kr pr.mnd vil ein automatisk gå over på opphaveleg medlemspris på 450 kr i mnd.
Som normalt vil det tilkome følgjande eingongsbeløp ved teikning av medlemskap også i kampanjeperioden på:
- innmelding 250 kr
- medlemskort 50 kr
- nøkkelbrikke 50 kr (om ein har dette frå før slepp ein å betale for dette).
Oppstart gruppetrening
Systrening startar opp gruppetreningstilbodet onsdag 13.septemer.
Gruppetrenings tilbodet kjem til å kome i gong f.o.m. onsdag 13.september. Vekeplanen for dei to neste vekene ser slik ut.
Veke 37
Onsdag: Puls kl.18 (Birgit) (ubegrensa med plassar)
Torsdag: Yoga kl.19 (Aase) (12 plassar, Stad: FjøsNjøs)
Veke 38
Måndag: Styrke kl.18 (Janne) (24 plassar)
Tysdag: Spinning 45 min kl.18 (Aase) (15 plassar)
Onsdag: Puls kl.18 (Birgitt) (ubegrensa med plassar)
Torsdag: Yoga kl.19 (Aase) (12 plassar, Stad: FjøsNjøs)
Innmeldigsoppslutnad og oppmøteførekomst vil bestemme gruppetilbodet dei neste vekene.
I høve til timar kan du finne dette på bookingsida for gruppetrening på "Min side". Bookingsystemet er det same som før og skal vere kjendt for dei fleste frå før. Om det skulle vere noko du lurer på i samband med dette so ta kontakt med Systrening i resepsjon eller på mobil/epost. Kontaktinfo finn du nederst på heimesida.
NB! Ver merksam på du no får ein ny profil som krev at ein på nytt gjennomfører førstgongspålogging for å kunne ta bookinga i bruk.