Nytt treningssenter
Bygginga av nytt treningssenter går fort. Siste oppdatering i høve til ferdigstilling er i løpet av mai. Me vil her legge ut ei konseptskisse over det nye senteret, slik at du veit meir kva du har i vente. Det vil verte bestilt inn nytt utstyr slik at du får meir å "leike" deg med. Me får også ein eigen inngang frå parkeringsplassen bak Saften i tillegg til ein inngang inne i sjølve bygget. Garderobar for omkledning og toalett skal også på plass. Gruppetimar vil fortsette som før i hallen.
Me gler oss!