Massasjetilbodet i gong att
Først og fremst vil eg takke so mykje for all støtta Systrening har fått i denne utfordrande tida. Det er rørande at so mange har fortsett å betale sjølv om me har holdt stengt❤️👏
Forhåpentleg vis opnar treningssentera opp att om ikkje so alt for lenge, ut i frå korleis utviklinga i retningslinjene har vore den siste tida.
Uansett vil me starte opp att med det me kan gjennomføre innanfor dei statlege direktiva. Dette gjeld no i første omgang for terapitilbodet vårt. Frå og med måndag 11.mai vil me starte opp med massasje på Slippen. Ein kan tinge time frå og med i dag på systrening@outlook.com.
Håpar alle har det bra og att me treffast snart att til trening og ein hyggeleg prat på Systrening😊💪👍