Ordningar i samband med stenging
Kjære medlemar!
Eg må berre sei at eg tok til tårer av glede når eg sat på kjøkkenet framfor pcen og det tikka inn med støtteerklæringar på facebook for å oppretthalde Systrening på Leikanger. Dette set eg utruleg stor pris på. Tusen mange takk!
I desse tider er det medlemar som sannsynlig vis vil vere i tilsvarande utfordrande situasjon økonomisk som denne bedrifta. Difor vil me tilby følgjande løysing i høve til medlemskap:
- Heilårsmedlemskap (dei med avtalegirotrekk og forskotsbetalt heilårsmeldemskap) vil få høve til å fryse medlemskapa sine kostnadsfritt. Det er lite truleg at me opnar opp att med det første ut i frå dagens situasjon. I første omgang vil difor Systrening tilby frysing ut august månad. Me kjem sjølvsagt til å følgje myndigheitene sine retningslinjer, og om det er behov for ein lengre periode med stenging so forlengar me fryseperioden tilsvarande. Når det gjeld fakturering so kjem trekket for denne månaden til å gå som planlagt for å dekke faste utgifter. Dette vil då bety at du som medlem har betalt for mars og april. Når senteret opnar opp at vil me kompensere for det ein har betalt for mykje når me har holdt stengt, ved å redusere dei månadlege trekka etter opninga.
-For dei som har kontaktmedlemsskap som klippekort, 1 månad og ½ år, so vil Systrening forlenge desse tilsvarande ved opning att.
Ta kontakt pr mail på systrening@outlook.com for å melde inn frysing. Ver obs på at ein ikkje må stoppe trekket sitt i nettbanken sjølv. Dette må gjerast av oss.
Mvh
Dag-André Mo og resten av gjengen på Systrening