Me opnar opp att
Hei alle saman.
Då startar me som sagt opp att med trening komande veke. I høve til retningslinjer for smittevern kjem me til å starte opp med kun bemanna tider den første veka. Dette for å ha kontroll på om folk overheld dei reglane som er sett for bruk av treningssenter. I tillegg lyt me ha kontroll på kor mange som er der samtidig. I samband med dette er det fint om ein kan legge treninga si til midt på dagen (kl.12-16) enkelte dagar om ein har anledning til det. Dette for å unngå stort trykk på ettermiddag/kveldstid. Om alle er flinke til å følgje rutinane denne veka, vil me sleppe opp for ubemanna tider veka etter. Ein vil også då ha anledning til å trene laurdag og søndag med nøkkelkort. Me kjem tilbake med meir praktisk info kring ubemanna trening i slutten av neste veke.
Opningstider for veke 25 vert måndag-fredag kl.9-21.
I perioden 15.juni-15.august tilbyr me følgjande prisar på kontantmedlemskap:
Drop in 90 kr
1 veke 375 kr
1 mnd 500 kr
2 mnd 900 kr
Praktisk info:
-Det vert gjennomgang for alle gjennom den innerste damegarderoben. Det vert ikkje anledning til å nytte dusj og toalett. Om ein må på do so lyt ein nytte dei offentlige toaletta i 2 etg. attmed inngangen til Sogn Avis. Årsaken til desse begrensingane er at kommunen har stengt ned hallen til 17.august og har sett desse krava til drifta vår i sommar.
- Det vert ei maksgrense på 20 personar om gongen inne i treningsstudio og 6 personar i sykkelsalavdelinga. Om det er fullt lyt ein vente på tur.
- Prøv å begrens treninga di til 1 time slik at andre får sleppe til.
-Sykkelsalen vert gjort om til ei eiga kondisjonsavdeling, der ein kan finne ro- og stakeapparat, elipsemaskin og syklar. Årsaka til dette er at me må ha mindre utstyr inne i treningsstudio pga av avstandsregalar. Men ein kan uansett nytte seg av alt treningsutstyr som me har på senteret.
- Alle som skal trene er pålagt å oppdatere seg på gjeldande smittevernsrutinar for senteret. Desse finn du i denne linken: https://www.virke.no/…/…/virke-plakat-til-treningssentre.pdf
Når det gjeld gruppetrening so er dette ikkje muleg å gjennomføre i hallen pga. kommunen sine restriksjonar i sommar. I tillegg lyt sykkelsalen nyttast som ein ny avdeling for treningsstudio. Men me kjem til å tilby gruppetrening ute f.o.m. veka etter opning (veke 26). Me kjem tilbake med type timar, dagar og plass i slutten av neste veke.
Me ser utruleg fram til å sjå dykk att på komande måndag.
Velkomen😀💪👏