Nye retningslinjer for bruk av senteret

På grunn av dei nye retningslinjene som kom i går, lyt me avlyse alle gruppetimar f.o.m. onsdag 15.desember og 1 mnd fram i tid.

Det er fortsatt lov med individuell trening, og me kan difor fortsette med å halde treningsstudio ope. Me minner på desse retningslinjene for bruk av studio framover:

-Minimum 1 meters avstand

-Manuell registrering ubemanna tid, i gangen, med penn og papir. Hugs å skrive navn og tid for inngang og tid for utgang når ein er ferdig og går ut av studio.

-Maks 20 pers i studio samtidig. I ubemanna tider lyt ein sjå på den manuelle registreringslista om det er plass før ein går inn

-Nytte annakvart kondisjonssapparat (maks brukstid er 20 min)

-Besøkande som ønskjer å nytte senteret i jula skal gjennomføre 10 dagar karantene eller framvise negativ test etter at dei har returnert til bygda for å nytte senteret.

-Ellers fortsette å vere flinke med å vaske utstyr etter bruk og handhygiene

Forrige
Forrige

Ny timeplan

Neste
Neste

Juleprogram 2021