Endring av tilbod

Kjære medlem.

 

Me informere deg om at me i løpet av desember/januar, vil gjere endringar i tilbodet vårt, der me vil føreta ei omdisponering av bruken i lokala våre. Dette betyr at me kjem til å flytte alt av kondisjonsutstyr (møller, ergometersyklar, roapparat og elipsemaskiner) inn i spinningsalen og endre namnet til «Kondisjonssal». Bakgrunnen for dette er følgjande:

  • Me treng meir plass på grunn av ein stadig aukande medlemsmasse

  • Gjere det muleg å kjøpe inn meir utstyr for å betre tilgangen på øvingar

  • Redusere støy

  • Betre ventilasjon og temperatur

  • Enklare og ivareta smittehensyn og eventuelle smittevernsreglar sida ein fordeler medlemsmassen på eit større areal

  • Enklare omorganisering av treningsstudio ved arrangementversemd i hallen

  • Eit meir tilpassa spinningtilbod ut i frå dagens bruk (spinningtilbodet vil fortsette men med færre plassar).

 

Når det gjeld tilkomst til «Kondisjonssalen» ønskjer me å gjere dette so praktisk som mogeleg, slik at det ikkje skal by på unødvendig belastning for medlemma. Det vil bli lagt opp til følgjande løysing:

  • Ein kan registrere seg i resepsjon etter ein har vore i salen om denne aktiviteten vert gjort først i treninga som t.d. oppvarming.

  • Det vil bli sett opp skohylle og stolar i rommet slik at ein kan bytte sko der og henge frå seg tøy om ein ikkje vil innom garderobeanlegget først.

  • Salen vil stå open uten krav til nøkkelbrikke kl.0630-15 alle dagar og dessutan i bemanna tider på kveld, dette for å redusere bruk av nøkkelbrikke. Utanom desse tidene nyttar ein nøkkelbrikke på same måte som i treningsstudio for å kome inn.

 

Endringa vil ikkje medføre stenging av studio, då dette kan organiserast mens det er aktivitet i studio.

 

Ta kontakt om du har spørsmål på mob: 90613795 eller mail: systrening@outlook.com.

 

Mvh

Dag-Andre Mo

Dagleg leiar Systrening AS

Forrige
Forrige

Juleprogram

Neste
Neste

Timeplan etter haustferien