Retningslinjer for trening f.o.m. 20.juni.
Kjære medlem.
Etter trinn 3 vart iverksett av myndigheitene gjeld desse reglane hjå oss:
- maks 30 personar samtidig i studio
- ingen tidsbegrensing so lenge besøkstalet er under 30
- 1 metersregel
- skrive seg på liste i gangen ved inngangen til studio ved trening i bemanna tid
- registrere seg med medlemskort i bemanna tid
- halde seg vekke når ein har symptomar
- og som alltid, vere flink med å reingjere alt av utstyr som ein nyttar og dessutan handhygiene
Ellers vil me repetere følgjande:
Ver nøysam med handhygiene.
Vask alt utstyr etter bruk.
Desinfiser deg før og etter du har nytta treningsstudio.
Hald deg heime om du føler deg sjuk.
Har du spørsmål so ta kontakt.
Mvh
Systrening