Gjenopning av treningstilbod
Endeleg er me attende til normal drift! Me vil takke dykk medlemar so mykje for at de har bidrege til å halde godt smittevern på senteret gjennom heile perioden. Det er likevel vikteg at me held denne standarden oppe også vidare. Ver difor nøyen med reingjering av utstyr og eigne hender.
Me vil gjennomføre full opning av senteret f.o.m. i morgon, måndag 27.september. Dette vil bety følgjande:
- ingen manuell registrering ved trening i ubemanna tider. Frå no registrerer ein seg med medlemskortet når ein kjem å trenar.
- ingen antalsbegrensing i studio
- auke i antal plassar på gruppetimar